Yoga for PEF Bergen & omegn

10.08.2017

Delta på 6 yogasamlinger med yoga til 1 200 kroner per deltaker. Oppstart 22. august.

 

Tilbod til PEF Bergen & omegn

Kurset er åpent for 5-10 deltakarar, yogaprogram på 6 samlingar til1 200kr per deltakar, pluss ein gratis prøvetime i forkant. På prøvetimen vil kursopplegget verte diskutert samstundes som ein får prøve ein yogatime, heilt uforpliktande.

Stad: Helsesenter i Bergen, Sverresgate 33.
Dato: 15. august kl. 16:30 - 18:00 (prøvetime), og 6 tysdagar deretter.


Mål: Lære teknikkar som kan føre til auka velvære, rørslerom og sjølvkjensle. Deltakarane vil lære rørsler, pusteteknikkar og avslappingsteknikkar.

For å ta del i ei time treng du: komfortable klede – gjerne joggebukse eller lause, mjuke klede. Kanskje ein jakke eller ein genser til avslappinga. Ta gjerne med deg ei yogamatte, eller kjøp på yogatimen. Allmenningen yoga fører yogamattar som gjev godt grep og god demping. Det er puter og tepper ved Helsesenter i Bergen, men ta gjerne med deg dine eige – dette vert nytta til avslapping og avlasting.

Er du interessert, meld tilbake til bergen[at]pefnorge.no.

 

 

 

 

Tilbake